| |||||||
Recension
Block, Rory
I Belong to the Band: A Tribute to Rev. Gary Davis
(Stony Plain Records)
Rory Block har lang fartstid som artist tilhøyrer eliteskiktet av dei som held seg til akustisk gitarblues. Ho har ei røyst og ein bakgrunn som minner mykje om Bonnie Raitt. Block voks opp i ein bohemfamilie på Manhattan og femten år gamal dro ho heimefrå i 1964 for å livnære seg som musikar. Ein av mentorane hennar var den New York-busette gitarevangelisten Reverend Gary Davis som med utsøkt rytmisk kontrapunktisk spel med tommel- og fingerplekter i ein virtuos fusjon av ragtime og blues, påverka ikkje berre unge Rory Block, men heile folk-generasjonen til Bob Dylan og band som Grateful Dead, Hot Tuna og gospelsoul-stjerna Mavis Staples, som alle kom til å spele inn Davis-komposisjonar.
Dei elleve songane Block har vald omfattar fleire av dei mest kjende songane hans, framført med autoritet, glød og finesse. Det naturlege opningssporet er “Samson & Delilah”, også kjent som “If I Had My Way”, og opphavleg spelt inn av den største gitarevangelisten av alle, texanaren Blind Willie Johnson som døydde i 1945. Davis adopterte songen og gjorde den til ein av signaturlåtene sine, nokså forskjellig frå den råe primalsongen til Johnson. Seinare blei Davis-versjonen popularisert av Peter, Paul & Mary. Her lager Block ein mektig versjon der ho syng mot ein bakgrunn av effektive eige stemmepålegg.
Andre høgdepunkt er “Let Us Get Together Right Down Here”, “Twelve Gates to The City” og den avsluttande “Death Don’t Have No Mercy”, som for mange er kjent some in Grateful Dead-standard.
Dette er den fjerde tributtplata på rad frå Rory Block, forgjengarane var hyllingar av Robert Johnson, Fred McDowell og Son House. Det er berre å få tak i dei andre også.